2014-08-04 Radio

Radiointervju mandag 4. august 2014 om tolk på skolen:

Journalist Marita Skeie fra NRK Hordaland Radio (P1) har sendt oss utdrag fra radiointervjuet med student Helene Hodneland Sæle (takk for det, Marita!):

——————————–

Radiosaka som vart sendt i dag,  såg slik ut:

 

Helene:

Hvis eg ikkje hadde hatt tolk, så reknar eg ikkje med at eg hadde gjennomført studie.

 

Meg:

Seier Helene Hodneland Sæle, gjennom tolken sin.

Ho studerer geologi på universitetet i Bergen og skal byrje på 2. året til hausten.

For hordalandsjenta er tolk avgjerdane under forelesningane.

 

Helene:

Vis eg har tolk kan eg faktisk stille på forelsesning, få med meg det som foregår på forelesningar, det som blir sagt, det som blir diskutert i klassen. Då føler eg at eg er på lik linje med dei andre studentane.

 

Meg:

Geir Rune Folgerø, avdelingsdirektør ved Nav hjelpemiddelsentral i Hordaland, Fortel det var 5 studentar som hadde behov for teiknspråktolk i fjor, i år er talet tredobla.

I fylgje Folgerø er det utfordrande å dekke behovet sjølv om studentar er ei gruppe som vert prioritert.

 

Folgerø:

Det er krevande å finne fagleg dyktige tolkar som kan gå inn på dei ulike studiene fordi det krever høg kompentanse hjå den enkelte tolk.

 

Meg:

Korleis ligg det an no?

 

Folgerø:

Per dags dato, så jobbar me med å skaffe tolk til dei ulike studiene.

 

Meg:

Studiestart nærmar seg, ,men Folgerø lovar ingenting.

 

Folgerø:

Tør ikkje love noko, men me gjer det me kan for å skaffe nok tolkar til studentane.

 

Helene:

Eg syns det er veldig veldig trist at det skal vera sånn. For på lang sikt kan det føre til at kanskje færre døve tek studier. For det er ikkje vits i, eg får ikkje tak i tolk. Sånn er det lett å tenke .

——————————–

 

Skip to content